torsdag 1. april 2010

Dette er ein aprilsspøk

NOT!
Ha ha! Ja, der blei du lurt, for dette er ingen aprilsspøk, men snarare heller litt aprilmoro i påskesnøen. For det er noko sant i det som mamma seier, at "det er ikkje anna moro enn ein lagar sjølv"!



Ove

(Biletet over skulle eigentleg vere under, men grunna elendige og tekniske problem let dette seg ikkje gjere. Ver venleg å sjå mellom fingrane med dette.)


Som ei følge av moro ein sjølv må stå for, møtte eg i dag på diverse små skapningar ute i snøen - snodig å sjå kva som smeltar fram frå denne kvite massa, anna enn krokus og hundebæsj.
Eg kom over mellom ann(d)a desse to, som sang for fu(g)ll hals. Dei såg i alle fall ut til å kose seg:)





Og så møtte eg eit par fornemme fruer på tur med eit slags sjeldent eksemplar av arten sau (på latin ovis) - eg valde difor å kalle han Ove. Verken fruene eller Ove var særleg pratsomme av natur (eg veljer å tru at det var naturen deira, og ikkje noko i vegen med meg). Eg prøvde å stille dei eit par (høflege såklart) spørsmål, men dei lot seg ikkje affisere. Etter litt overtalelseskunst, fekk eg likevel lov å knipse eit par bilde av dei, før dei vandra vidare. Kor dei tok vegen er eit heller uløyst mysterium, på lik linje med "kollektmysteriet" på mjølkekartongane - ingen har sett snurten av dei verken før eller sidan i ettermiddag. Tips om dette noko uvanlege og lite pratesalige reisefølget mottas med takk.




Ok, eg snakka ikkje heilt sant i stad. Og det med overlegg i tillegg!.. Men eg angrar meg, og legg alle korta på bordet. Eller alle bileta på bloggen. Saken er den at eg hadde tenkt å selje desse eksklusive bileta til Se&Hør (Sjå&høyr, på godt norsk), men syns det hadde vore litt feigt av meg. Saken er nemleg den at Ove kom tilbake ein fem-ti minutts tid etter at dei hadde forlete meg - tru det eller ei; han kom eins ærend for å bli fotografert litt ekstra! Dette var stor stas for han. Og meg.

Til trass for stivt blikk og ei fortsatt nokså overlegen mine, syns eg han gjorde ein god jobb, særleg ettersom det var første gongen han blei fotografert.
Sa han. Og kva veit vel eg? Eg er berre middels informert om sau og slikt, så det kan vere at han prøvde seg på ein aprilsspøk då han sa dette. I så fall gjekk eg fem på.






















Og med dette trur eg jammen vi brått takkar for oss, og ønsker april hjerteleg velkomen på alle tenkelege måtar:)








torsdag 25. mars 2010

Om høg tid, høgtid, prioriteringar og soloppgongar


I dag er det på høg tid.

På høg tid med det aller meste.
Og snart høgtid - på godt norsk kalla påske.
Og då må ein gjere prioriteringar.
Høge prioriteringar.
Mi høgste prioritering i dag,
er å oppdatere bloggen min!
For det var på høg tid.
Eg vil herved oppdatere med ein soloppgong på veg til jobb:
(det var då EG som var på veg til jobb, ikkje soloppgongen.
Berre for å ha det på det tørre. Eller når eg tenkjer meg om, var han
nok litt på veg på jobb han og:)
Eg har berre èin ting å seie om denne soloppgongen,
eller kanskje to:
FANTASTISK, og:
MAGISK






Rett
og
slett.

Og så takkar eg for meg,
og håper inderleg det ikkje blir like lenge til neste gong eg ser slike fantastiske og magiske ting, eller til eg oppdaterar bloggen.


:)

mandag 8. februar 2010

tirsdag 19. januar 2010

Om å møte seg sjølv i døra og litt til.

Hemsedal.

I dag møtte eg meg sjølv i døra.
I alle fall nesten.
Så nær som eg nokon gong kjem, trur eg.
Ho sa i alle fall ho heitte Gry, og ho stod i døråpninga - og det er første gong i historia eg møter nokon med same namnet! Har alltid syns det ser så kjekt ut å helse på nokon med det same namnet - og artig var det :)
Så då har eg fått prøve det og.

Av andre artige hendingar denne dagen vil eg ta fram eit møte med ein liten kar som sa til meg:
"Du snakker bra norsk!" ;)
Samme karen sa til meg ti minutt seinare: "Du har lav stemme" ...
Syns dette var ein særdeles pedagogisk 5-åring - han gav meg ei postiv tilbakemelding (god i norsk), pluss noko eg kan jobbe litt med (å heve stemma;)
Altså: ein givandes og innholdsrik dag på mange måtar!

Over og ut.

søndag 10. januar 2010

Januar

Fekk ein fin kalender til jul, med den fine familien Melendez:)
Januar ser altså slik ut:



Herren er min hyrde

Herren er min hyrde

Herren er min hyrde

Herren er min hyrde

Salme 23, 1

søndag 3. januar 2010

"I gamle dager kunne de ta en stor stein og file på hvis de kjedet seg" (Natascha, 7 år)

tirsdag 22. desember 2009

Back again

Etter utallege telefonar, brev, sms, mms, telegram og kommunikasjon via andre kommunikasjonsmiddel frå tidlegare trufaste lesarar, fann eg ut at det var best å oppdatere! Når sant skal seiast, og det skal det ofte, har det vorte lite slikt dei siste tre månadane. Eg er ikkje heilt sikker på kva som skjedde, men noko må det ha vore. Det er sikkert og visst.

Kanskje var det denne TimeOuten. Eg held ein knapp på den. Eg tok rett og slett ein timeot frå det aller meste - og det var herleg utan sidestykke! Men no er han historie. TimeOuten altså. Men det fine er at Jesus fortsatt er den same (i går, i dag, ja til evig tid). Dette er det fantastiske! Så no skal eg få bygge vidare på det eg har fått lære og erfare i Hemsedal. Ja, kva har eg lært/erfart då? Frykteleg kort fortald har eg lært og opplevd dette:
- at Jesus er den Han seier Han er
- at Han er trufast
- at Han har store og gode tankar (fredstankar!) for meg
- at ærlegheit (på godt og vondt) alltid varer lengst
- at Hemsedal er ein ok+ plass
- at Norges land er proppfullt av herlege menneske
- at av og til stemmer ikkje mine forventingar på ein prikk med det Jesus har tenkt for meg (for Han tenker alltid så mykje meir og så mykje betre enn meg) - og dermed endar eg opp med å bli overrumpla og overraska over Han. Gong på gong.
- at eg er ein drøvtyggar når eg tygg i godt selskap
- at av og til kan det ta bortimot tre veker å kome inn i eit normalt søvnmønster på ein ny stad
+++

Lista er laaang. Og ord er som ofte ellers altfor korte til å forklare på ein god måte.
Eg kan i alle fall anbefale TimeOut på det aller aller varmaste!

No set eg ein strek her ...
-----------------------------
... og går så vidare i tankerekka.
Tradisjonen tru er det no duka for jul igjen!
Dette kom på eit vis litt brått på, til trass for at eg har hatt juleferie i ein månad allereie. I løpet av denne tida er eg sanneleg ikkje heilt sikker på kva eg har gjort, men noko må det då vere.
M.a. halvt afrikabryllup (herleg!) og juleturnè i sørleg retning (dette var også ganske så greit). Og mykje tur - så sprøtt det enn høyrast ut;)

Apropo jul:



"Jula i eit nøtteskal"

"For eit Barn er oss født, ein Son er oss gjeven. Herreveldet kviler på Hans aksler (=skuldrer;), og Han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredfyrste.

(Jes.9,6)

Trur jammen det var det for denne gong!